Annonse

Forskar på leppefisk og manetinvasjon

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskarar veit lite om leppefiskøkologi og kvifor manetinvasjonar skjer. Elevar frå ein ungdomsskole i Bergen skal samarbeide med forskarar frå Havforskingsinstituttet for å finne svar.

Prosjektet er ein del av ein pilotstudie der fagdidaktikarar i naturfag og matematikk frå Senter for utdanningsforsking ved HiB og UiB er involverte.

– Vi vil studere læringsprosessar der elevar og forskarar deltek i utforskande samarbeid. Elevane skal lære matematikk og naturfag – og dei skal lære om å forske, seier professor Marit Johnsen-Høines, leiar av ressursgruppa på Høgskolen i Bergen.

Powered by Labrador CMS