Annonse

Forskar på grenseforestillingar

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetet i Tromsø har delansvar for det store EU-forskingsprosjektet Euborderscapes. Dei driv mellom anna høgaktuell forsking på grenseforestillingar i høve til innvandring til Europa, skriv UiT.

- Innvandrarar både kryssar, møter og skapar grenser når dei kjem til Europa.

- Vår forståing av grenser i Europa er i rask endring, mellom anna grunna innvandringa, og det gjeld å skaffe meir kunnskap om desse endringane medan dei pågår, seier Johan Schimanski, som saman med Holger Pötzsch og Stephen Wolfe nyleg avslutta arbeidsmøte i Grenoble i det UiT-leidde delprosjektet “Grensekryssingar og kulturproduksjon”.

Euborderscapes er eit tverrfagleg forskingsprosjekt som samlar leiande forskingsmiljø frå humaniora og samfunnsvitskapane, for å auke forståinga vår av korleis grenser og grensedraging endrar seg i Europa.

Powered by Labrador CMS