Annonse

Forskar på forskjells-Europa

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Sosialantropologen Bruce Kapferer får eit av dei mest ettertrakta forskarstipenda i Europa, og skal mellom anna forska på forskjellar og likskapar skapt av den økonomiske krisa. Det skriver Universitetet i Bergen på sine hjemmesider.

- Prosjektet skal gå inn i korleis forskjellar og likskapar skapar grunnleggjande linjer i samfunnet, korleis ulikskapar vert skapte. Det er eit djupt politisk prosjekt og er svært aktuelt, i Europa i dag vert det eit stadig større gap mellom stor fattigdom og rikdom, seier Edvard Hviding, professor og nyleg avgått instituttleiar ved Institutt for Sosialantropologi ved Universitetet i Bergen.

No er det klart at Bruce Kapferer sin søknad til prosjektet er innvilga, og at forhandlingar står på trappene.

Powered by Labrador CMS