Annonse

Forskar i fare

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Å vite at eg er trygg eit år eller to gjev eit pusterom. Det gjev tid til å tenke, arbeide og skrive. Og å samle krefter til å reise attende for å arbeide vidare mot undertrykkinga, seier Sunila Abeysekera til På Høyden.

Forrige veke gjesta ho UiB og Bergen ressurssenter for internasjonal utvikling for å fortelje om vald og militarisering i heimlandet hennar, Sri Lanka. UiB er med i Scholars at Risk-nettverket, som den komande tida vil halde fleire forelesningar av og med forfølgde forskarar.

Sunila Abeysekera har sjølv vore trua frå fleire hald. Først av styresmaktene. Så av militante grupper som hevdar ho arbeider for styresmaktene. Sjølv har ho ein klar agenda: Ho vil at menneskerettane skal respekterast, og at brot på menneskerettane skal verte etterforska.

Powered by Labrador CMS