Annonse

Fokus på økt verdiskaping i landbruket - gir nytt studietilbod ved HiMolde

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Fylkesmennene i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland vil ha økt verdiskaping i landbruket. Høgskolen i Molde har på oppdrag av desse utvikla eit studietilbokd «Garden som pedagogisk ressurs og læringsarena». Både Kommunal- og regional- samt Landbruksdepartementet står bak satsinga.

Målet er at studiet skal auke kompetansen i landbruket når det gjeld å ta i bruk garden som arena for mellom tenester til ulike gruppe med hjelpebehov.
-Å bruke garden til tenester for på helse, sosial og opplæringsområdet er ikkje noko nytt. Det som er nytt med dette studiet er auka fokus på moglegheitene dette kan gi, sa landbruksdirektør i Møre og Romsdal Anne Berit Løset opninga av det nye studietilbodet.

Powered by Labrador CMS