Annonse

– Fleire forskarar må søkja pengar frå EU

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Noreg gir til saman 18 milliardar kroner til EUs nye forskingssatsing Horisont 2020, skriv Uniforum. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen etterlyser fleire søknader frå norske forskarar.

EUs nye forskingssatsing Horisont 2020 vil få eit bidrag frå Noreg på 18 milliardar kroner. Til saman vil heile forskingssatsinga ha eit budsjett på 525 milliardar kroner over sju år, og er dermed verdas aller største forskingsprogram. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen synest norske forskarar så langt har vist for lita interesse for desse pengane.

– Regjeringa ynskjer ikkje å gi 18 milliardar kroner i gåve til EU. Me håpar at norske forskarar vil bringa tilbake til Noreg godkjende søknader for minst den same summen, sa Røe Isaksen då han presenterte Forskingsbarometeret 2014 på Universitetet i Oslo i går.

– Dette er ein gyllen sjanse som norske forskarar må nytta seg av, meinte han.

Røe Isaksen viste til at dei største norske universiteta fekk langt mindre pengar inn frå EU-program enn dei største universiteta i Sverige, Danmark og Finland.

Powered by Labrador CMS