Annonse

Femårig lærarutdanning – gode resultat i Tromsø

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I valkampen er skole- og utdanningspolitikk eit heitt tema, og fleire har teke til orde for at løysinga på alle mogelege utfordringar er ei femårig lærarutdanning. Korkje politikarar eller valkampkommentatorar ser ut til å ha fått med seg at femårig lærarutdanning allereie er ein realitet i Tromsø; eit masterprogram retta mot 1. til 7. trinnet og eit program retta mot 5. til 10. trinnet.

- Me har gode resultat så langt, med både motiverte og målretta studentar. Allereie etter første praksisperioden fekk me tilbakemeldingar frå praksislærarane at studentane merka seg ut med å vera kunnskapssøkande og nysgjerrige, seier Sonni Olsen, dekan ved HSL-fakultetet.

I dei nye femårige lærarutdanningane ved UiT blir det satsa breitt på forsking. Dét gjer studentane til betre lærarar, meiner professor Hilde Sollid.

- Eg er ikkje i tvil om at studentane som går ut herifrå etter fem år har med seg gode reiskapar til å kunne drive fagleg utviklingsarbeid, seier Sollid, som er professor i nordisk på lærarutdanningane.

Powered by Labrador CMS