Annonse

Får to millionar til samarbeid om livsvitskap

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Regjeringa har løyvd to millionar kroner til å styrkja samarbeidet om forsking og utdanning innanfor bio- og livsvitskap. Det gjorde forskingsminister Tora Aasland kjent på tysdag, skriv Uniforum. Pengane skal gå til Universitetet i Oslo, Universitetet for miljø og biovitskap og Noregs veterinærhøgskule. Alle rektorane ser fram til eit nærare samarbeid.

.– Dette er eit felt som vil bli minst like stor og viktig som IKT-næringa, så for oss er det viktig å kunna samarbeida med andre store aktørar på området i Oslo-regionen, sa UiO-rektor Ole Petter Ottersen, då forskingsminister Tora Aasland slapp desse millionane ut av pengesekken fire dagar før regjeringa legg fram forslaget sitt til revidert budsjett.

– Til no har pengane stort sett gått til høgskular fordi UiO har vore så stort og flinkt at dei knapt hadde behov for slike pengar. Innanfor dette viktige feltet ser me likevel at det er viktig for desse tre, snart to institusjonane å samarbeida,. Det vil auka både fagleg kvalitet og styrkje, konstaterte Tora Aasland.

– Håpet vår er at me etter kvart kan til eit så utstrekt samarbeid at me kan ha ein eigen shuttle-buss som kjører frå universitetsområdet på Ås til universitetsområdet på Blindern med forskarar og studentar, sa UMB-rektor Hans Fredrik Hoen.

Fra venstre: UMB-rektor Hans Fredrik Hoen, NVH-rektor Yngvild Wasteson , forskingsminister Tora Aasland og UiO-rektor Ole Petter Ottersen (Foto: Ola Sæther)

Powered by Labrador CMS