Annonse

Får skryt av NORAD

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetet i Oslos demokratiprogrammet i Indonesia og utviklinga av helseinformasjonssystem i utviklingsland (HISP) får karakteren framifrå i NORADs siste årsrapport, skriv Uniforum.

Desse UiO-prosjekta har i følgje rapporten fremja demokratiutvikling og gjort helsetenester meir tilgjengelege.

Indonesia er verdas tredje mest folkerike land. Sidan 1998 har det gått føre seg reformer for å demokratisera landet. Ifylgje NORAD har folk sett lite til desse reformene, og dei kan difor lett mista trua på demokratiet. Både korrupsjon og anna maktmisbruk er mellom årsakene til det.

Universitetet Gadjah Mada var ein av dei viktigaste pådrivarane for demokratiseringsprosessen som gjorde det slutt på Suhartos diktatur i 1998. Det gir universitetet med 50 000 studentar og hundrevis av professorar stort truverd, og derfor lyttar både den økonomiske og politiske eliten til det universitetet, går det fram av NORAD-rapporten, som nyleg blei publisert.

Powered by Labrador CMS