Annonse

Får pris for kvalitet i alle ledd

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Lasse Engesæter får i dag Søren Falchs pris for framifrå forskingsleiing, og for å ha vore ein miljøbyggar over mange år, melder På Høyden. Engesæter har vore hovuddrivkraft bak Nasjonalt register for leddproteser, som har gjort kvardagen betre for hundretusenvis av menneske.

– For denne prisen ser vi på forskingsleiing og miljøbygging, i staden for å telje publikasjonar, og den går til forskarar som har vore gode på det i mange år. Lasse Engesæter er ein av dei. Prisen kan delast ut kvart år, men det er sjeldan det skjer, for her er det viktig å finne den rette personen, seier dekan Nina Langeland ved Det medisinsk-odontologiske fakultet til På Høyden. 

Søren Falch og øienlæge Sigurd Falchs pris for fremragende lederskap innen medisinsk vitenskap er på 250 000 kroner, eit diplom, blomar og sjølvsagt mykje ære. Prisen blei delt ut i dag på rektors kontor.

Powered by Labrador CMS