Annonse

Får 16 millionar til forsking på tarmkreft

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Medisinprofessor Ragnhild Lothe ved Oslo universitetssykehus og UiO er tildelt 16 millionar kroner frå Stiftelsen K.G. Jebsen. Betre diagnostisering og behandling av tarmkreft kan bli resultatet, skriv Forskerforum.

Med desse pengane kan kreftforskar Ragnhild Lothes senter ved Oslo universitetssykehus bidra til å finna fram til betre diagnostisering og behandling av tjukk- og endetarmskreft. I tillegg kan det hjelpa til med å få større effektivitet og pasientgevinst på sjukehuset. Lothe trur at opprettinga av eit eige senter kan få fleire yngre legar og forskarar til å interessera seg for denne alvorlege kreftforma.

Den er den nest vanlegaste i Europa  og i dag overlever berre halvparten av pasientane, står det i ei pressemelding frå Stiftelsen K.G. Jebsen. I dag er Ragnhild Lothe også assisterande senterleiar ved Senter for kreftbiomedisin ved OUS og UiO.

Powered by Labrador CMS