Annonse

Fagmiljø teier om olje-etikk

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Bør universiteta drive forsking med føremål å utvinne meir olje og gass? Medan fagfolk ved Universitetet i Bergen (UiB) har hatt ein frisk debatt, har det vore stilt ved dei andre universiteta, skriv Forskerforum.

Det var professorar ved UiB som først lufta spørsmålet, i UiB si eiga avis, På Høyden.

– Professor Peter M. Haugan ved Geofysisk institutt skreiv eit kritisk innlegg om oljeforskinga før valet til universitetsstyret. Han vart attvald til styret, og gjekk dermed til vervet med eit nokså klart mandat, seier ansvarleg redaktør i På Høyden, Dag Hellesund.
 

Powered by Labrador CMS