Annonse

Ettertrakta doktorar

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Doktorgradskandidatane er ettertrakta på arbeidmarknaden, viser ei ny undersøkjing, utført av Universitetet i Bergen. Muligheitene for karriere har vorte meir mangfaldig, melder UiB.

Likevel peiker undersøkjinga på at det private næringslivet ikkje har nok kunnskap om kompetansen hjå kandidatane.

– Undersøkjinga fortel oss at me må vera endå meir målretta i vår kontakt med arbeidslivet. Me må skapa fleire møteplassar, nettverk og dialog og få synleggjort dei som har fått jobb andre stader enn i akademia, seier prorektor ved UiB, Berit Rokne.

Ho nemner særskild UiB si alumnisatsing som eitt viktig kort i arbeidet med å skapa møteplassar.

Last ned rapporten her (pdf).

Powered by Labrador CMS