Annonse

Etterspurd forskarskule i biosystematikk

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Sidan starten i 2010 har forskarskulen FoRBio gjeve rundt 300 deltakarar kurs og opplæring i biosystematikk.

I løpet av dei tre åra ForBio har eksistert, har dei hatt rundt 300 deltakarar på 24 kurs i biosystematikk.

Dei fleste deltakarane er stipendiatar og post.doc.’ar frå universitet i dei skandinaviske landa.

Men dei har òg skandinaviske masterstudentar, doktorgradsstudentar og post.doc.’ar frå utanlandske forskingsinstitusjonar, i tillegg til seniorforskarar, lærarar, tilsette i forvaltninga, konsulenter og andre interesserte. I motsetning til ordinære deltakarar må desse betala for reise og opphald sjølve når dei deltek på kurs eller feltarbeid.

I løpet av 2013 vil dei òg sjå på muligheiten for å dra inn Island og Finland òg i samarbeidet.

ForBios heimeside

Powered by Labrador CMS