Annonse

Etterlyser oppfinnsame doktorkandidatar

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Noreg kan gå glipp av nye oppfinningar fordi doktorkandidatar ikkje har tid til å kommersialisera funna sine. UiO og Inven2 håpar eit eige stipend vil gjera noko med dette, melder Uniforum

Universitetet i Oslo har øyremerkt 450 000 kroner til eit kommersialiseringsstipend for doktorkandidatar. Tidleg i Innovasjonsåret har dei berre fått inn to søknader. Oppgåva med å plukka ut gode kandidatar, har UiO delegert til sitt eige teknologioverføringsfirma Inven2 og administrerande direktør Ole Kristian Hjelstuen.

– Det viser seg at doktorstudentane er mest opptekne av å bli ferdige med avhandlinga si. Dermed prioriterer dei ikkje å fylgja opp moglege funn i oppgåva som kan bli kommersialiserte. No vil me gi dei som har dei beste kommersialiseringsprosjekta, eit eige stipend på ei månadslønn, seier Ole Kristian Hjelstuen til Uniforum.

Powered by Labrador CMS