Annonse

– Ein draumeprofessor

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Arnved Nedkvitne var ein draumeprofessor for meg som undervisningsleiar. Han forska og underviste langt meir enn han behøvde. Det sa historieprofessor John Peter Collett (bildet) i retten i går, melder Uniforum.

Då mellomalderprofessor Arnved Nedkvitne kom til Universitetet i Oslo på 1990-talet, var historieprofessor John Peter Collett ein av dei første han kom i kontakt med.

– Eg var undervisningsleiar på Historisk institutt og hans første overordna, fortalde Collett i Borgarting lagmannsrett i går.

– Nedkvitne skapte begeistring og bygde mellomalderstudiet opp igjen frå grunnen og tok med glede på seg rettleiaransvaret for studentane, hugsa han.

Powered by Labrador CMS