Annonse

Dopinga i forskinga

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Har kapitalen eit kvelande grep om forskinga i Noreg? Akademia-avtalen ved UiB var bakteppet då Studentersamfunnet arrangerte debatt, skriv På Høyden.

– Vi står overfor enormt store miljøproblem. Vi må ha alternative energikilder, og det får vi ikkje over natta, sa preses i Det Norske Videnskaps-Akademi, Nils Chr. Stenseth, under debatten på Det akademiske kvarter torsdag.

Akademiet er tungt finansiert av Statoil, som for tida betaler 20 millionar kroner til organisasjonen årleg gjennom Vista-programmet. Pengane skal finansiere petroleumsrelatert grunnforsking, og eit av måla for sponsinga er å sørge for effektiv kommunikasjon for oljeselskapet inn mot norsk grunnforsking.

– Eg synest ikkje det er så viktig kor pengane kjem frå. Det er vilkåra som er viktige. Vi må ha legitimitet for den verksemda vi driv, meiner Stenseth.

Powered by Labrador CMS