Annonse

Direktør ved Hjortsenteret for marin økosystemdynamikk

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Olav Sigurd Kjesbu er tilsett som direktør ved Hjortsenteret for marin økosystemdynamikk, skriv Havforskingsinstituttet.

Kjesbu er dr. scient. frå Universitetet i Bergen  og har vore tilsett ved Havforskingsinstituttet sidan 1988. Han er også professor II ved Universitetet i Oslo knytt til CEES og prosjektet NorMER (Nordic Centre for Research on Marine Ecosystems and Resources under Climate Change).

Hjortsenteret er eit fagleg samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Uni Research, Nansensenteret og Havforskingsinstituttet. Dette senteret skal studere dei store dynamikken i dei store økosystema og har teke mål av seg til å bli det leiande miljøet for slik forsking.

Kjesbu leiar i dag Havforskingsinstituttet si forskingsgruppe Bunnfisk, ein rolle han også skal ha ei tid framover i tillegg til å vere direktør for Hjortsenteret.

Powered by Labrador CMS