Annonse

Desse har søkt på stillinga som museumsdirektør

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Seks søkjarar har meldt si interesse for direktørstillinga ved Bergen Museum, melder På Høyden.

På nyåret vart stillinga som direktør ved Bergen Museum lyst ut på ny. Då søknadsfristen gjekk ut 1. mars hadde seks søkjarar meldt si interesse for stillinga.

– Søkjarlista gjev eit godt grunnlag for å jobbe vidare med prosessen, seier Line Rye, direktør i Personal- og organisasjonsavdelinga.

Prosessen med å finne den nye direktøren for Bergen Museum har trekt ut i tid. Stillinga vart først utlyst i fjor haust, med søknadsfrist 31. oktober. Tre søkjarar meldte seg.

– Med berre tre søkjarar hadde vi ikkje eit godt nok grunnlag for å ta ei avgjersle. Talet på søkjarar var bakgrunnen for at stillinga vart lyst ut på ny, seier Rye.

 

Powered by Labrador CMS