Annonse

Der realfaga rår

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Korleis få 60 prosent av elevane på ein vidaregåande skule til å velje realfagleg fordjuping? Svaret er nesten skuffande enkelt: Vis dei moglegheitene og gje dei gode rollemodellar.

– Vi lærer om ulike sider ved realfaga på ein måte som gjer det spennande og kreativt, seier Margit Hilland Lærum, elev ved Nordahl Grieg vidaregåande skule i Rådal, og får samstemte nikk av dei andre jentene kring bordet.

Naturfaglærar Arve Aksnes har sendt dei i grupper for å diskutere problemstillingar som kan kome opp ved ein eventuell munnleg eksamen om kort tid. Nordahl Grieg starta undervisinga hausten 2010 og har førebels kring 300 elevar, alle på første klassetrinn. Hausten 2012 vil skulen vere fulltalig med tre gonger så mange elevar.

Powered by Labrador CMS