Annonse

Den ukjende næringsdoktorgraden

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Berre åtte næringsdoktorgradar er fullførte, skriv Forskerforum. Kvifor vert ikkje ordninga meir brukt?

– Det er mange her ved instituttet som aldri har høyrt om nærings-ph.d. Men eg var heldig, for rettleiaren min frå masterstudiet ved Universitetet i Oslo (UiO) gjorde meg merksam på ordninga, seier Anita Woll. Ho er næringsstipendiat ved Rambøll, eit stort nordisk firma innan samfunnsplanlegging, teknisk rådgjeving og arkitektur.

Woll hadde vore tilsett ved Rambøll i eitt år då det vart lyst ut ei stilling som ph.d.-stipendiat om bruk og design av velferdsteknologi ved Institutt for informatikk ved UiO.

Powered by Labrador CMS