Annonse

Delt Oljedirektoratpris til Tor Austad og Corec

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Professor Tor Austad (UiS) og forskingssenteret Corec ved IRIS er tildelt Oljedirektoratet sin IOR-pris for 2010. Austad og Corec vert heidra for den svært viktige forskinga som er utført for å få meir olje ut av krittfelta.

IOR-prisen (IOR, improved oil recovery, auka oljeutvinning) vart delt ut på Norsk petroleumsforening sin konferanse om reservoarstyring i Stavanger i dag, 7. juni.

Professor Tor Austad ved Universitetet i Stavanger og Corec deler IOR-prisen for 2010. Deira forskingsresultat er avgjerande for forståinga av dei reservoarmessige utvinningsmekanismane for krittfelta i den sørlige delen av Nordsjøen. Forskinga deira gir dermed eit viktig grunnlag for dei avgjerdene oljeselskapa må ta.

Powered by Labrador CMS