Annonse

Dei etablerte får mest

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei store institusjonane ser ut til å stikke av med storparten av midlane frå regionale forskingsfond, melder Forskerforum.

– Ein grunntanke med regionale forskingsfond er å nå fram til utradisjonelle miljø, som bedrifter og gründerar i industrien. Men i praksis er det dei forskingsmiljøa som er dyktige til å skrive søknader, som når opp, det vil seie dei tradisjonelle forskingsmiljøa ved universitet, høgskolar og forskingsinstitutt. Det er dei same miljøa som også kan få støtte frå andre kanalar, seier Ketil Rye.

Han er styreleiar for fondsregion Nord-Noreg, ein av dei sju fondsregionane som organiserer regionale forskingsfond.

– Det vi jobbar med framover no, er å nå bedrifter som fell utanfor dei store forskingsprogramma, seier Rye.

Powered by Labrador CMS