Annonse

Brenn for formidling

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Det er ei stor utfordring å forklara det komplekse enkelt for folk som ikkje er fagpersonar, seier Tuva Øktedalen. – Eg er arg på dei humanistane som har ei nedlatande haldning til formidling, seier Finn Iunker. Begge er mellom dei 20 doktorstipendiatane som skal delta i Forskar-Grand Prix i vår, melder Uniforum.

Det var i februar UiO 200, jubileumssekretariatet ved UiO, lanserte Forskar-Grand Prix for Oslo og Akershus. 60 kandidatar melde seg på, og no har 20 av dei blitt plukka ut til semifinalane i Storsalen i Chateau Neuf 21. mai og 18. juni. Programleiarar for både semifinalane og finalen den 24. september blir Haddy N’jie og Erik Gulbrandsen, også kjende som programleiarar for Den internasjonale Grand Prix-finalen i Oslo i mai i fjor.

12 av dei 20 semifinalistane kjem frå Universitetet i Oslo. To av dei er psykologistipendiat Tuva Øktedalen og stipendiat i litteraturvitskap, Finn Iunker. Og begge brenn for formidling.

Tuva Øktedalen vil få fem minuttar på seg til å fortelja om doktorgradsprosjektet sitt, ” Skyld og skam i posttraumatisk stresslidelse”.

– Ei viss øving har eg fordi eg måtte presentera tre ulike forskingsprosjekt på engelsk under 25-årsjubileet til forskingsinstituttet ved Modum bad i 2010. Det gjekk bra å formidla til dei 100 som var til stades, synest ho.

 

Powered by Labrador CMS