Annonse

Bjørvika skrinlagt som tomt for Kulturhistorisk museum

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Bjørvika er ikkje lenger noko aktuelt alternativ som tomt for eit nytt Kulturhistorisk museum. Det er klart etter at styret for museet i dag tilrådde at museet i framtida bør delast i to mellom museumsanlegga på Bygdøy og Tullinløkka.

Kulturhistorisk museum satsar på ei framtid med ei delt løysing for samlingane. Dermed blir det eit vikingtidsmuseum på Bygdøy medan hovuddelen av dagens samlingar blir verande i Historisk museum på Tullinløkka. Det er tilrådinga styret for Kulturhistorisk museum no sender vidare til Universitetsstyret som gjer endeleg vedtak i saka tysdag 19. juni.

Dersom denne innstillinga blir fylgd av Universitetsstyret, vil Bjørvika vera heilt ute av biletet som ein framtidig lokaliseringsstad for eit nytt  kulturhistorisk museum. - Ja, det er heilt klart. Jernbanen vil ta for mykje av den tomta til at det blir aktuelt å plassera eit kulturhistorisk museum der, stadfestar museumsdirektør Rane Willerslev overfor Uniforum.

Powered by Labrador CMS