Annonse

Betre sikring gir betre forsking

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ei sikrare og betre lagring av sensitive pasientdata, kan føra til både betre forsking og gjera Universitetet i Oslo meir interessant for internasjonale forskarar. Det trur psykologiprofessor Anders Fjell, gruppeleiar Hans A. Eide i USIT og IT-ansvarleg Egil Berg Telle ved Psykologisk institutt, melder Uniforum.

Forskarar sit ofte med store mengder sensitive data frå undersøkingar av pasientar som dei treng reiskapar til for å kunna handtera hurtig og effektivt. Dersom forskarar ved Psykologisk institutt har behov for å forska på hjerneprøvar frå til dømes Rikshospitalet eller Ullevål sykehus, stiller det store krav til korleis data skal lagrast og analyserast.

No har Universitetets senter for IT-tenester (USIT) utvikla eit lukka nett for sikker lagring av sensitive forskingsdata, som til dømes resultat frå hjerneprøvar, blodprøvar og DNA-testar. Dermed kan forskarane ved Psykologisk institutt sitja ved fire av datamaskinene i laboratoriet sitt og arbeida med sensitive forskingsdata som er lagra på USITs sin sentrale datatenar. Samtidig kan også dei forskarane som til dagleg arbeider på sjukehusa få tilgang til psykologane sine mest sensitive forskingsdata.

Les hele saken på uniforum.uio.no

(Foto: Martin Toft / Uniforum)

Powered by Labrador CMS