Annonse

Ber om 10 millionar i året til Senter for europaforsking

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

ARENA Senter for europaforsking – treng 10 millionar kroner i året i grunnfinansiering for å få ei stabil drift. Det meiner UiO-rektor Ole Petter Ottersen og SV-dekan Fanny Duckert som ber regjeringa setja av ein eigen post på statsbudsjettet til ARENA, skriver Uniforum.

Det er i eit brev til europaminister Vidar Helgesen det går fram at UiO-rektor Ole Petter Ottersen og SV-dekan går i forbønn for ARENA Senter for europaforsking og ber om at senteret får ei fast årleg løyving på 10 millionar kroner i ein eigen post i statsbudsjettet.

UiO-rektoren og SV-dekanen viser til at senteret no går med underskot på grunn av svingingar i inntektene frå eksternt finansierte prosjekt.  Dei peikar på at dette er hovudgrunnlaget i det som senteret held på med. Begge peikar på at ARENA står i fare for å måtta redusera aktiviteten på grunn av at senteret ikkje har fått dei inntektene det hadde kalkulert med.   Dei appellerer til europaminister Vidar Helgesen om å  få regjeringa med seg på å setja av ein eigen post på statsbudsjettet til ARENA med ei fast løyving på 10 millionar kroner. Slik vil det vera mogleg å sikra ei stabil grunnfinansiering av ARENA, går det fram av brevet.

Powered by Labrador CMS