Annonse

Ber norske forskarar om å henta inn 12 milliardar frå EU

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Målet vårt er at norske forskarar skal henta inn to prosent av dei 616 milliardar kronene som EUs nye forskingsprogram Horisont 2020 skal bruka. Det opplyste kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på UiO i forrige uke, skriv Uniforum.

Noreg er no formelt blitt med i EUs nye forskingsprogram Horisont 2020. I løpet av sju år skal Noreg betala inn 18 milliardar kroner til Horisont 2020, som til saman har ei økonomisk ramme på 616 milliardar kroner  (77 milliardar euro). Regjeringa sitt mål er at Noreg skal henta inn to prosent av denne summen, altså i overkant av tolv milliardar kroner. Det vil bli ein auke på 60 prosent i høve til kor mykje norske forskarar har klart å henta inn frå EUs 7. rammeprogram.

– Dette er ambisiøst, men me kan nå målet dersom me mobiliserer heile sektoren, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.  I går kom statsråden til Universitetet i Oslo for å presentera den nasjonale strategien for forskings- og innovasjonssamarbeidet med EU. Strategien inneheld måla for den norske deltakinga både i Horisont 2020 og Det europeiske forskingsområdet (ERA).

– I dag er me ikkje flinke nok til å utnytta det europeiske forskingssamarbeidet. Målet vårt er difor å auka aktiviteten med minimum 60 prosent for den norske EU-deltakinga,  sa Torbjørn Røe Isaksen.  Han vil ha ein felles dugnad for alle forskingsmiljøa. Difor oppfordra han både universiteta, høgskulane, forskingsinstitutta, helseføretaka og næringslivet om å samarbeida mykje meir om å sy saman forskingsprosjekt som kan søkja om pengar frå Horisont 2020.

Powered by Labrador CMS