Annonse

Ber norske forskarar kjempa om friske EU-milliardar

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Mellom 70 og 80 milliardar kroner står no på ein EU-konto og ventar på at forskarar frå Noreg og andre land i Europa skal konkurrera om å få bruka pengane på sine banebrytande forskingsprosjekt, melder Forskningsrådet.- Søk! oppfordrar Per Ivar Høvring i Forskingsrådet.

– Ein inngangsbillett på 1,6 milliardar kroner er lite for å få tilgang til ein så stor sum med friske pengar, meiner internasjonal direktør Simen Ensby i Forskingsrådet. Han håpar at endå fleire forskarar i Noreg enn tidlegare vil delta i kampen om å få tildelt pengar frå denne aller siste potten frå EUs 7. rammeprogram til forskingsprosjekta sine.

– Hovudprioriteringane til EU er dei same som Noregs forskingsråd har. Det er fagområde som helse, marin forsking, samfunnstryggleik og energi og miljø. Stort sett har det vist seg at forskarar frå Noreg lykkast betre enn gjennomsnittet for alle landa i å få tildelt pengar frå denne potten. Om dei deltar no, vil dei koma i ein endå betre posisjon før utlysinga av det neste store forskingsprogrammet i EUs regi, Horizon 2020, understrekar Ensby.

I dag deltar om lag 4000 forskarar i Noreg i 1060 ulike forskingsprosjekt i regi av EU. Dei samarbeider med forskarar i 111 andre land.

Powered by Labrador CMS