Annonse

Åtvarar mot akademisk kapitalisme

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

 – Universiteta er i ferd med å utvikla seg mot ein akademisk kapitalisme, der både forsking og utdanning blir varer som kan kjøpast og seljast på ein marknad. Det meiner historieprofessor Knut Kjeldstadli, som no foreslår eit samfunnsuniversitet utan statlege og kommersielle føringar, melder Uniforum.

Det er i debattboka ”Akademisk kapitalisme”, som tenkjetanken ResPublica gir ut denne veka, at historieprofessor Knut Kjeldstadli ved UiO analyserer utviklinga av universiteta internasjonalt og ser ein tendens mot at dei i fellesskap er med på danninga av ein akademisk kapitalisme.

– Forskingsfunna blir ein eksklusiv rett for det selskapet som har betalt for forskinga. Samtidig etablerer universiteta sjølve profesjonelle randsoneinstitusjonar som skal profittera på forskinga. I andre land skjer dette i hard konkurranse med andre bedrifter, seier Knut Kjeldstadli til Uniforum.

Les hele saken på uniforum.uio.no

Powered by Labrador CMS