Per Egil Hegges minne om møtet med Edward Teller var særs gild lesnad i Dag og Tid sist veke. Dei jødiske og ungarske forteljar- og formidlartradisjonane var, blant fleire kulturelle faktorar, katalysatorar for nokre eksepsjonelle generasjonar kunstnarar og vitskapsfolk frå Budapest dei siste hundre åra (og det er ikkje slutt, Peter Lax vann Abelprisen i 2005).
At fire forskarar som gjekk på same gymnas i Budapest, skulle verte sentrale i Manhattan-prosjektet, var toppen av isfjellet. I eitt og same bykvarter i Budapest voks ikkje berre desse fire opp (John von Neumann, Leó Szilárd, Eugene Wigner og nemnde Edward Teller), men òg Dennis Gabor (nobelprisvinnar i fysikk), Theodore von Kármán (mannen bak straumlinjeforminga av fly og faget aerodynamikk, grunnleggjar av Jet Propulsion Lab og vinnar av den fyrste National Medal of Science i USA) og John Kemeny (matematikar, BASIC-oppfinnar) innanfor ei tidsramme på mindre enn femti år. Høyrest nokre av namna ukjende ut, er det berre å google. Ein kan lese til ein vert hovudgalen. I tillegg kjem kunstnarane: Hollywood og ungararar er eit eige tema. Alle flydde frå Hitler, og Arthur Koestler skreiv dette: I don't think that a comparable exodus of scientists and artists ever existed since the fall of Byzantium.
István Hargittai, ein av Tellers biografar, skriv om Tellers måte å jobbe på som fysikar: Alltid var det intense diskusjonar, og dei beste pedagogane han skulle ha tak i. Arnold Sommerfeld i München, den fysikkprofessoren som gjennom tidene har rettleidd flest nobelprisvinnarar, vart vraka, det vart òg Niels Bohr. Til slutt vart Werner Heisenberg den mentoren Teller verkeleg kunne snakke fysikk med. Heisenberg heldt til i Leipzig, dit Maurice von Kármán (far til Theodore) drog eit drygt halvt hundreår tidlegare då han skulle forme modellen for gymnaset der desse flogvita møttest. Alltid impulsar utanfrå, og ut måtte dei, rastløysa og uroa låg jamt under.
Slik samanfattar den ungarsk-amerikanske journalisten og forfattaren Kati Marton den ungarske kjensla: My thesis is that Hungary (together with her Central-European neighbors) has been at the crossroads of history, where the routes from Rome (Catholicism), Germany (Reformation), Russia (Eastern Orthodox Christianity), Osman Empire (Islam) met each other, presenting alternatives and igniting conflicts. Armies from East and West were marching on the roads through centuries. We have learned agriculture from the Slavs, the Renaissance arrived from Italy, and industry came from Germany. Through one and a half centuries the armies of the Osman Empire took everything what they could from the Hungarian peasants - but pigs; this is why pork is the favorite meat of the Hungarians till today. (Newsweek, 17/2-97)
Jau, her er det mykje.
(redigert versjon publisert i Dag og Tid 22/3)
Nokre kjelder:
István Hargittai - Judging Edward Teller
George Marx - The Martians' vision of the future
(Fleire Nobelprisvinnarar frå same Budapest-generasjonen: Albert Szent-Györgyi, George de Hevesy og Georg von Békésy.)