Annonse

– Arrogant av universitetsfolk

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Eg synest det er arrogant av universitetsfolk å påstå at fleire høgskular vil føra til mindre pengar til universiteta. Det sa forskingsminister Tora Aasland i ein debatt om norsk forskingspolitikk torsdag 18. november, ifølge Uniforum. Replikken var retta til prorektor Inga Bostad og fysikkprofessor Johan Moan ved UiO.

Forskingsminister Tora Aasland snakka varmt om planane om å oppretta nye høgskulestudium på Helgeland.
– Eg har nettopp vore i Mo i Rana. Der har dei spennande planar om å oppretta helseutdanning og annan profesjonsutdanning som kan tena industrien på Helgeland. Det er ein myte at det blir mindre pengar på store universitet når det blir oppretta nye universitet i Stavanger og Agder, meinte statsråden.

Kommentaren kom etter at prorektor Inga Bostad i ein forskingsdebatt i regi av Forskarforbundet ved UiO, hadde peika på kva konsekvensane kunne bli, om det blei oppretta fleire universitet.

– No må me få eit klarare bileta av kva spreiing av dei økonomiske ressursane kostar. Eg vil gjerne ha meir konkurranse, som til dømes den resultatbaserte komponenten i finansieringa av institusjonane. Men så lenge den komponenten er konstant og det samtidig blir fleire lærestader, blir det hardare og hardare konkurranse om desse pengane. Eg er likevel viss på at mykje kan gjerast for å leggja til rette for auka konkurranse, trudde Bostad.

– Eg er ein distriktsmann, men eg meiner me skal ha eliteuniversitet. Det er viktig med eit stort miljø, der forskarane kan samtale med kvarandre, Universiteta er kulturinstitusjonar og må difor vera store. I dag er det berre universiteta i Oslo, Bergen og Trondheim som får plasseringar mellom dei 200 beste på dei internasjonale rankingslistene. Difor bør dei prioriterast, tykte Jørn Moan.

Les hele saken på Uniforum

Powered by Labrador CMS