Annonse

Afrika skal bruka sin eigen medisin

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I mange afrikanske land har ikkje pasientane råd til å kjøpa den medisinen som legane føreskriv. I staden brukar dei tradisjonell plantemedisin. Eit EU-støtta forskingsprosjekt leidd av UiO-professor Berit Smestad Paulsen (bildet) skal hjelpa desse landa til å kategorisera og testa ut denne folkemedisinen både kjemisk og klinisk, melder Uniforum.

– I Durban i Sør-Afrika fekk tidlegare UiO-rektor Kåre R. Norum og eg verkeleg auga opp for kor viktig tradisjonell medisin er også for sørafrikanarane. På marknaden der var det nettopp medisinplantar det blei selt mest av. Og når det er blitt brukt i kanskje tusen år, så må det truleg ha ein effekt, trur Berit Smestad Paulsen, som er farmasiprofessor ved Universitetet i Oslo.

Saman med forskarar frå Sør-Afrika, Uganda, Mali, Nederland og Storbritannia driv ho eit forskingsprosjekt som skal føra til at bruken av tradisjonell plantemedisin kjem inn i meir ordna former. Forskingsprosjektet blir kalla for Multi-Developing Traditional Health Initiative og har fått 16 millionar kroner i støtte frå EUs sjuande rammeprogram. Prosjektet vil gå over fire år. Målet er å byggja opp berekraftig forsking på medisinplantar, slik at innbyggjarane i Afrika kan få ei betre helse og eit betre offentleg helsetilbod.

Powered by Labrador CMS