Annonse

Aarebrot fekk heiders-sjekk

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Rektor Dag Rune Olsen har ikkje for vane å avbryte førelesningar. Måndag gjorde han eit unntak, skriv På Høyden.

I slutten av februar hadde professor Frank Aarebrot ei maratonsending på NRK, der han gjekk gjennom 200 års historie på 200 minutt. Måndag blei han påskjøna med ein sjekk på 50 000 kroner.

Om lag 230 000 tv-sjåarar følgde den lange førelesninga som blei sendt frå Kvarteret.

– Eg syns det var morosamt og engasjerande. Aarebrot byr på seg sjølv. Det er underhaldande, lett forståeleg og når ut til folk, seier Olsen.

Powered by Labrador CMS