Annonse

350 UiO-tilsette i streik

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Litt etter klokka 4 natt til torsdag blei det brot i meklinga mellom hovudorganisasjonane i offentleg sektor og Staten, melder Uniform. På UiO er 350 av medlemane i NTL, Parat og Forskarforbundet tatt ut i streik. Akademikarane er enno ikkje ferdig med meklinga, og deira medlemer er ikkje tatt ut i streik.

Dei streikande UiO-tilsette arbeider i Sentraladministrasjonen, Det utdanningsvitskaplege fakultetet og Det odontologiske fakultetet.  Då Uniforum besøkte fakultetet, hadde streikevaktene vore på plass sidan klokka 08.00 i dag.

 

Powered by Labrador CMS