Annonse

Odd Nakken heidra av ICES

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Havforskingsinstituttet sin tidlegare direktør, Odd Nakken, fekk måndag tildelt den prestisjetunge prisen Outstanding Achievement Award i ICES (Det internasjonale råd for havforsking), skriv Havforskningsinstituttet

Det er den høgaste prisen en forskar kan få for bidrag til arbeidet i denne sentrale organisasjonen.

Odd Nakken, som har familierøtene sine i Øygarden, vert rekna som ein nestor innafor norsk og internasjonal havforsking. Han har vore ein sterk bidragsytar i ICES sidan 1960-talet og var norsk delegat der frå 1986 til 1992.

Havforskningsinstituttet skriv at Nakken sitt arbeid har hatt stor innverknad på utviklinga av fiskeria her til lands. Hans fokus på metodeutvikling og bestandsberekning har styrka det vitskaplege grunnlaget for fiskeriforvalting. I tillegg har han alltid vore oppteken av å dele kunnskapen sin med unge studentar og han er kjent for si sterke interesse for å følgje opp og støtte studentane sine.

Powered by Labrador CMS