Meir forskingstid til produktive forskarar
Dei som forskar mykje, får meir. Høgskolen i Bodø (HiBo) fordeler forskingsmidlar etter kor mykje dei tilsette produserer. Dei som produserer mindre, må undervise meir.
− Vi prøver å få til den gode sirkelen. I vår sektor er det enkelte forskarar som er svært produktive. Vi legg til rette for å gi desse dei beste moglegheitene til å halde fram med å forske. Vidare legg vi vekt på å gi dei som ønskjer det og har talent for å forske, sjansen til det. Dei som lykkast, vil i neste runde få endå meir tid til forsking, seier rektor Pål Andreas Pedersen til Bladet Forskning.
Når dei som produserer mykje, får meir tid til å forske, inneber det at dei som produserer lite, kanskje må undervise meir eller drive med annan formidlingsaktivitet. Likevel er rektor Pål Andreas Pedersen klar på at hans tilsette ikkje oppfattar ei auka undervisningsbyrde som straff.
− Nokre av forskarane våre, og kanskje nokre av dei aller beste, liker veldig godt å undervise, å kome i kontakt med studentane og gjennom det bli inspirerte til å drive med fagleg arbeid. Så nei, eg trur ikkje dei tilsette opplever undervisning som straff, seier han. Undervisning er ein god arena for formidling, også av eigne idear, prosjekt og forsking.
Som dei fleste bruker leiinga ved HiBo medarbeidarsamtalane med dei tilsette som planleggingsverktøy.
− I desse samtalane er det naturleg at vi diskuterer forskingsaktiviteten til den tilsette og ser på han i forhold til dei måla og ambisjonane vedkomande har. Så langt har dette fungert positivt, både for leiinga og for dei tilsette, fortel Pedersen.
– Så det har ikkje vore mange vanskelege samtalar om dette så langt?
− Nei, det tyder ikkje tilbakemeldingane på. Samtalane har vore positivt orienterte. Vi har berre halde på med dette eitt års tid no, så førebels har vi jo ikkje så lang erfaring med korleis det fungerer. Det er dekanane på kvart enkelt fakultet som har ansvaret for å følgje opp denne ordninga. Det er vanskeleg å vurdere effekten av kvart enkelt tiltak nøyaktig. Men i leiinga har responsen på prøveordninga vore bra, seier Pedersen.
Bakgrunnen for at HiBo bestemte seg for å lage nye retningslinjer for tildeling av ressursar til forsking og utvikling (FoU), var ei evaluering i 2008. Sjølv om evalueringa viste at forskingsaktiviteten ved høgskolen var jamt aukande, ville dei gjere grep som kunne forsterke den positive utviklinga.
− Denne måten å fordele ressursar og oppgåver på er berre eitt av fleire tiltak. Vi har lenge satsa på kompetansevekst gjennom å rekruttere fleire professorar, gi eigne førsteamanuensar tid til meritterande arbeid og få lektorar til å kvalifisere seg til førstestillingar, noko som også fremjar forsking. Bakgrunnen for dei nye retningslinjene var at vi innsåg kor viktig det er å drive målretta forskingsleiing. Då vi begynte å diskutere kva slags system vi ville ha, vart vi bevisste på at vi ikkje ønskte eit altfor skjematisk opplegg, men at vi måtte ha med ein dimensjon som innebar samtalar mellom leiar og kvar enkelt tilsett, seier Pedersen.
Les hele saken i Bladet Forskning