Annonse

Klimaforsking og språk

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Korleis påverkar språket korleis vi handlar i klimaspørsmålet? Eit nytt prosjekt ved UiB får støtte frå Forskingsrådet til å gi svar, melder uib.no

Forskingsrådet gjev 100 millionar kroner til 15 prosjekt i programmet Samfunnsutviklingens kulturelle forutsetninger (SAMKUL). Fire av prosjekta som får støtte høyrer heime ved Universitetet i Bergen.

Kjersti Fløttum leiar eitt av prosjekta, som får kring 9 millionar til å forska på klimaspørsmål og språk. Pengestøtta gjer at ein kan knyta til seg postdoktorar, gjesteprofessorar og forskarar og bruka eit nettverk som alt er bygd opp, fortel Fløttum, professor ved Institutt for framandspråk.

Det tverrfaglege prosjektet samlar forskarar frå både psykologi, klimaforsking, språkforsking og statsvitskap. Prosjektet har vore under planleggjing ei god stund, mellom anna har ein arbeidd med ein SFF-søknad.

Powered by Labrador CMS