Annonse

Forskningsplanar berre til pynt?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Stadig fleire museum kan vise til forskingsplanar, melder Forskerforum. Men så kjem kvardagen.

– Ved Museene i Sør-Trøndelag (MiST) har forsking kome inn i planar og strategiar, og slik sett er forskinga vorten meir tydeleg. Men i realiteten er arbeidsoppgåvene og arbeidstakarane dei same. Vi hadde nok litt store ambisjonar då vi laga forskingsplanen, seier forskingskoordinator Hanna Mellemsether ved MiST. Som resultat av museumsreforma er åtte museum slått saman til éi stor eining, og MiST har om lag 120 tilsette. I dag må musea under Kulturdepartementet kvart år rapportere inn forskingsaktiviteten og svare på om dei har ein forskingsplan.

– Sjølv om vi har planar, kan ein ikkje vente store endringar over natta. Museet har lite forskingskompetanse, og vi får ikkje pengar til nye stillingar. På doktorgradsnivå har vi i dag svært få å ta av. Vi har difor satsa på ein langsiktig strategi der vi oppmuntrar dei tilsette til å ta etterutdanning, som master- og doktorgradsutdanning.

 

Powered by Labrador CMS