Annonse

Forskingsdagar om hav og vatn i Bergen

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskingsdagane i Bergen startar 19. september, skriv På Høyden. Tema i år er hav og vatn.

I 2013 vert Forskar Grand Prix arrangert i Bergen, Oslo, Trondheim, Stavanger, Tromsø og Porsgrunn, og i år kan doktorgradsstudentar få studiepoeng ved UiB for å ta del i konkurransen. Alle stipendiater kan delta.

Prorektor Berit Rokne meiner Forskar Grand Prix er eit strålande tiltak.

– Forskingsformidling er ein av våre primæroppgåver. Å vere med på Forskar Grand Prix gir kandidatane ein unik muligheit til å få både opplæring i formidling, samt til å få presentert forskinga si.

Ho har lite til overs for sur kritikk av at Grand Prix-konkurransen inneber overpopularisering og showifisering av vitskap. – Eg har vore på kvart einaste av arrangementa. Og eg har blitt klokare av kvart enkelt av dei innlegga eg har sett der, seier Rokne.

Fristen for å melde seg på går ut 16. mai i Bergen.

Powered by Labrador CMS