Annonse

Alternativ behandling under lupa

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I Frankrike har berre legar lov å behandle sjuke menneske. I Noreg kan kven som helst gjere det. Universitetet i Tromsø bidreg når Europa no skal få eit felles vegkart for alternativ behandling.

EU-prosjektet skal blant anna sjå på kven som praktiserer alternativ behandling, kven som brukar alternativ behandling, kva ulike behandlingar inneber og kor utbreidde dei ulike behandlingsformene er.

Forskarar frå tolv europeisk land er med i prosjektet som har fått 1,5 millionar Euro i støtte. Frå Noreg deltek Nasjonalt forskingssenter innan komplementær og alternativ medisin (NAFKAM), ved Universitetet i Tromsø.

Powered by Labrador CMS