Annonse

– Utdanning som motvekt mot hat og fordommar

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Kunnskap, kritisk refleksjon, kjeldekritikk, vitskapleg metode og meiningsbryting er kjerneverdiane i høgare utdanning og forsking. Desse verdiane skaper også motvekt mot fordommar og kunnskapsløyse som kan enda opp i frykt og hat, sa høgare utdanningsminister Tora Aasland på ein pressekonferanse hos Høgskolen i Oslo og Akershus i dag, melder Uniforum.

No ynskjer ho å satsa endå sterkare på desse grunnverdiane ved universiteta og høgskulane.

– Høgare utdanning er ein modningsprosess der studentane får tilgang til og tileignar seg forskingsbasert kunnskap. Dette blir utvikla i utdanningsmiljø der argument blir prøvde mot kvarandre, og slik får studentane opplæring i å forstå forskjellige perspektiv og ståstader, understreka Aasland.

På grunn av terroraksjonane på Utøya og i Regjeringskvartalet oppfordrar ho alle lærestadene til å styrkja og støtta opp om velferdstilboda, slik at dei er godt rusta til å ta imot studentar som er blitt direkte eller indirekte råka av desse tragediane.

Kunnskapsdepartementet har også oppretta ein eigen kontakttelefon for ungdom som var på Utøya og som treng bistand i samband med skule- eller studiestart. Kontakttelefonen er allereie formidla til dei som har behov for denne tenesta, opplyser ekspedisjonssjef Toril Johansson i Universitets- og høgskuleavdelinga i Kunnskapsdepartementet til Uniforum. Etter det Kunnskapsdepartementet kjenner til, opplever mange at dei ikkje klarte å svara på studietilbod eller så føler dei at det er vanskeleg å studera eller gå på skule langt frå familie og venner etter det forferdelege dei har opplevd.

 

Powered by Labrador CMS