Annonse

UiO-rektor møter Dalai Lama

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

UiO-rektor Ole Petter Ottersen møter Dalai Lama og ynskjer han velkommen til Arne Næss-symposiet i Chateau Neuf torsdag 8. mai.

– Det offisielle Noreg burde også ta imot Dalai Lama på ein verdig måte, seier han til Uniforum.

Vinnaren av Nobels fredspris frå 1989, Dalai Lama er hovudgjest under Arne Næss-symposiet i Chateau Neuf på Universitetet i Oslo torsdag 8. mai. UiO-rektor Ole Petter Ottersen vil ta imot han og halda velkomstale for fredsprisvinnaren, som ingen frå regjeringa vil møta under Noregsbesøket. Frykta er at det dårlege forholdet til Kina, skal bli endå dårlegare om det skjer.

– Kvifor har du takka ja til å møta Dalai Lama og halda velkomstord for han, Ole Petter Ottersen?

– Jo, fordi det er vår politikk ikkje å boikotta nokon. Me vil ynskja Dalai Lama velkomen. Det er i pakt med hevdvunnen akademisk tradisjon og prinsipp å gi personar ein talarstol på universitetet, sjølv om dei er omstridde. Så blir det høve til debatt og kritiske innspel etter foredraget, også etter beste akademisk tradisjon, seier Ottersen.

Powered by Labrador CMS