Annonse

UiB vil etablera senter for nyskapande journalistikk

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Media City Bergen kan vera på plass i løpet av få år, skriv Universitetet i Bergen (UiB). Eit av UiB sine bidrag til medieklynga kan verta eit forskningssenter for journalistisk innovasjon.

I 2017 vil Bergens Tidende, Bergensavisen, NRK, TV2, Vizrt og delar av Institutt for informasjons- og medievitskap vera samla i eit stort medietun i Lars Hillesgate. UiB vil ha ei sentral plassering i det nye bygget.  Senteret Bergen Journalism Lab kan verta eitt av dei mest sentrale.

– Senteret kan skapa innovasjon innan eit heilt sentralt samfunnsområde. Det handlar om å ivareta eit heilt sentralt samfunnsoppgåve, den offentlege samtala og medieoffentlegheita, seier dekan ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Knut Helland.

Stort kunnskapsbehov

– Då planane om Media City Bergen byrja å ta form vart det tydeleg for oss at mediebransjen har eit stort kunnskapsbehov og stor vilje til å styrke samarbeidet med akademia. Bergen Journalism Lab vil styrka medieaktørane og vera med å realisera ambisjonane til medieklynga om å verta eit internasjonalt leiande miljø for innovasjon og kunnskapsutvikling innan mediefeltet , seier Leif Ove Larsen, instituttleiar på Institutt for informasjons- og medievitenskap.

Instituttet har sendt ein søknad til Norges Forskningsråd om oppretting av eit Senter for forskningsdreven innovasjon (SFI). Søknaden er skriven i samarbeid med internasjonale akademiske partnarar og næringspartnarane i klynga.

– Dette kan verta eit prosjekt med heilt unike mogelegheiter med tanke på samlokaliseringa med medieaktørane i Media City Bergen. Men ikkje minst kan ein vera heilt i den internasjoanle forskingsfronten, seier Knut Helland.

Truleg vil svaret på søknaden koma i oktober dette året.

Powered by Labrador CMS