Annonse

UD vil avgjera delinga av menneskerettssenter

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Før jul blir det truleg ei avklaring på korleis det kan etablerast ein nasjonal institusjon for menneskerettar skilt frå Norsk senter for menneskerettar (SMR) ved UiO, avslørte utanriksminister Jonas Gahr Støre på 25-årsjubileet til SMR. Dette melder Uniforum.

Sist fredag sette regjeringa ned eit interdepartementalt utval som skal finna ei løysing på korleis det kan byggjast opp ein nasjonal institusjon for menneskerettar skild frå Norsk senter for menneskerettar på Universitetet i Oslo.

Det opplyste utanriksminister Jonas Gahr Støre under markeringa av 25-årsjubileet til Norsk senter for menneskerettar denne veka. Planen er at utvalet skal leggja fram ei innstilling 14. desember i år. Det går også fram at eit dokument som Uniforum har fått ein kopi av.

Støre fortalde at han hadde vore i dialog med Universitetet i Oslo om framtida til den nasjonale institusjonen.

– Eg forstår at det er prinsipielle grunnar som til dømes akademisk fridom og forskingsfridom som er bakgrunnen for at UiO ikkje lenger kan husa den nasjonale institusjonen. Likevel har eg til no berre forstått 50 prosent av argumentasjonen bak dette, vedgjekk han.

Powered by Labrador CMS