Annonse

Toffen-prisen til Inge Bryhni

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Under Norsk Geologisk Forening (NGF) sin vinterkonferanse i Stavanger tidlegare i januar vart Inge Bryhni tildelt Toffen-prisen, NGF sin pris for formidling av geologifaget.

Bryhni er fyrstekonservator emeritus ved Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i oslo. Juryen omtalar han som ein pioner innan formidling og popularisering av geologi. Fyrst i radio, seinare òg på TV og internett. På NRK sine sider for skulen kan ein framleis sjå fleire opptak med Bryhni.

Lenge før Google og Wikipedia, heilt tilbake i førre årtusen, utarbeida han oppslagsverket GeoLeksi gratis på nett. I samarbeid med Intermedia var òg Bryhni tidleg ute med video på nett, frå geologien i Oslo-området.

Juryen trekkjer òg fram at han har vore heilt i forskingsfronten innan fleire geologiske disiplinar, og vore rettleiar for fleire framifrå forskarar som sjølv har vorte gode formidlarar.

Powered by Labrador CMS