Annonse

Telemark frir til Universitetet i Agder

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Høgskolen i Telemark går på friarferd til Universitetet i Agder. Ei felles utgreiing skal gje svar på om dei to bør slå seg saman, melder Forskerforum.

– Eg trur begge partar har mykje å vinne på ein fusjon. Då ville vi bli ein fagleg sterk institusjon med 15 000 studentar og 2000 tilsette, seier rektor Dag K. Bjerketvedt ved Høgskolen i Telemark (HiT). Han er ikkje i tvil om at HiT og Universitetet i Agder (UiA) vil tene på å slå seg saman.

– Ved HiT har vi fleire svært solide fagmiljø. Vi har to godkjende doktorgradsprogram og eit tredje inne til vurdering hjå Nokut, seier Bjerketvedt.

Både HiT og UiA er no i full gang med eit felles utgreiingsarbeid for å klargjere om det er grunnlag for å arbeide for samanslåing av dei to institusjonane, eventuelt eit utvida samarbeid.

– I utgangspunktet kontakta vi også dei tre høgskolane i Oslofjordalliansen, men dei var for opptekne med sin eigen fusjonsprosess til å bli med på dette no. Styret ved UiA stilte seg derimot positivt til å bli med på ei felles utgreiing, fortel Bjerketvedt.

Powered by Labrador CMS