Annonse

Taper på internasjonalt samarbeid

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Tellekantsystemet gjer at fleire av fagmiljøa ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet taper publiseringspoeng når dei samarbeider internasjonalt. Det meiner instituttleiar Johan Lillehaug ved Molekylærbiologisk institutt.

Innan matematisk-naturvitskaplege fag er forfattarlister med over hundre medforfattarar eit ikkje uvanleg syn. Forfattarlistene viser den store graden av samarbeid i matematisk-naturvitskaplege forskingsprosjekt, men illustrerer også kor problematisk tellekantsystemet er for miljø som i stor grad deltek i samarbeidsprosjekt, ifølge Johan Lillehaug, instituttleiar ved Molekylærbiologisk institutt.

Powered by Labrador CMS