Annonse

Strategiplanar med statushopp

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein god strategiplan er viktigare enn nokon gong. – Strategiplanar byrjar i større grad å bli eit styringsinstrument, seier NIFU-forskar Bjørn Stensaker, melder På Høyden.

Universitets- og høgskulesektoren er i endring. Utdanningsinstitusjonane har byrja å adoptere måtar å organisere seg på som hittil har vore vanleg i andre typar organisasjonar i samfunnet. Omgrepet strategi har byrja å få eit godt fotfeste i høgare utdanning, ifølge Bjørn Stensaker, forskar ved Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU). Med denne nye tilnærminga til organisering følgjer også ei ny strategitenking. Gode strategiplanar vil bli viktigare for universiteta i åra som kjem, meiner han.

– Vi ser fleire endringstendensar i universitets- og høgskulesektoren som tilseier at sovande strategiplanar kan bli vekte til live, seier han.

Powered by Labrador CMS