Annonse

– Pompøst miljø, prega av arroganse

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Det var eit pompøst miljø, prega av arroganse ved Institutt for arkeologi, konservering og historie, sa HF-dekan Trine Syvertsen då ho vitna i Borgarting lagmannsrett fredag 21. januar, melder Uniforum.

HF-dekan Trine Syvertsen var det første vitnet på den fjerde dagen i arbeidssrettssaka som Nedkvitne og Forskarforbundet har gått til mot Universitetet i Oslo.

Nedkvitne krev å få kjent vedtaket i Universitetsstyret om å gi han sparken som professor, ugyldig. UiO meiner han har brote paragraf 15 i Tenestemannslova og altså ”krenket sine tjenesteplikter”. I Tingretten for eitt år sidan vann UiO på alle punkt.

Syvertsen vedgjekk at det var mange konfliktar på instituttet.

– For meg såg det ut som ein generasjonskonflikt der dei eldste gjerne ville ha høve til å forska for seg sjølve, medan dei yngre forskarane var opptekne av å ha meir samarbeid og ha felles arenaer, meinte ho.

Powered by Labrador CMS